- Filmdagbok

Old

Old frå M. Night Shyamalan er ein konkret og interessant film som utforskar ein artig ide. Mesteparten av filmen samlar ei gruppe folk på ei avlukka strand, kor ting byrjar å skje. Dei prøver å finne ut kva som skjer og korleis dei kan redde seg sjølv.

Det heile er verken omfattande eller krevjande i oppbygginga, og kunne like gjerne ha vore eit utgongspunkt for ein episode av The Twilight Zone eller tilsvarande. Men det fungerer også godt som ein film. Og eg tykkjer fint at filmen fyller ein time og femti minuttar bra.