Den andre frat pack-filmen i dag er ikkje så dum. Faktisk er det ein rimeleg god komedie med akkurat den rette porsjonen faenskap av dei 30 år gamle ungdommane Mitch (Luke Wilson), Frank (Will Ferrell) og Bernard (Vince Vaughn).
Plottet går ut på at Mitch må starte opp eit collegebrorskap for å kunne halde fram å bu i det nyleigde huset sitt, enkelt og greit. Ispedd drikke, unge damer og ein rektor i nakken blir me med i ei berg og dalbane av forhold og kampar for tilværet.
Hysterisk morosamt er det dessverre ikkje anna enn eit par plassar, men det meste av filmen får meg til å trekke godt på smilebandet og det er ingen tvil om at Old School leverer det ein komedie i denne sjangeren skal.