Ein uskikkeleg hund dukkar opp hjå familien Coates, og der blir han verande. Reisa frå uskikkeleg til trufast er ei fin ei, og her er det mykje fint drama å sluke. Filmen skyr heller ikkje alvoret. Alt er ikkje rosenraudt for familien heile tida, og det gjer historia meir spennande enn eg hadde forventa. Eit lite innblikk i gamle dagar blir det.
