Hopp til hovedinnhold
Plakat for Oliver Twist (2005)

Oliver Twist

Film
2

Eg vippar mellom å seie at dette er en grei eller bra film, men det blir bra fordi eg er godt fornøgd med skodespelarane, og fordi eg tykker at filmen er spennande. Eg har aldri lest Oliver Twist, eller sett nokon andre Oliver Twist-adapsjonar, så alt var nytt for meg.

Eg hadde ingen forventingar, men håpa at filmen var god. Filmen kjeda meg ikkje, han gjekk fort unna, og det er positivt. Dersom ein film går fort, så har eg blitt underheldt. Det stemmer ikkje alltid, men svært ofte. Filmen gav meg likevel ingen inspirasjon, hard hjartebank eller særleg ettertanke.

Mark Pfeiffer på Reel Times (reeltimes.blogspot.com) rosar det visuelle handverket, men meiner forteljinga manglar liv og først får verkeleg kraft mot slutten. Det er ei meir avmålt vurdering enn mi når det gjeld sjølve underhaldninga. Eg kjem lett gjennom filmen og er nøgd med skodespelarane, sjølv om han ikkje set særleg djupe spor etterpå. Ein film kan vere spennande nok der og då utan å gi mykje å bere vidare.