
Olsenbanden møter Kongen og Knekten
Eg enda opp med denne gamle, norske filmen på ein laurdagskveld. Å vurdere Olsenbanden på kvaliteten vil vere ganske så meiningslaust. Som underhaldning fungerer det i og for seg godt nok med humor i det banale.
I denne filmen er det fire millionar momspengar som skal bli stelt. Alt går tilsynelatande bra, det er etterspelet som lukter trøbbel.
Hadde dette vore noko anna enn Olsenbanden ville eg ikkje hatt mykje med det å gjere, men å gå tilbake til ein filmserie som har rulla over skjermen i fleire periodar, er i og for seg kurant som mimring på ein laurdag.
Dei kjende skodespelarane er òg viktige for Pål Frostad på Filmkikk (filmkikk.no). Han meiner filmen ikkje ville vore den same utan den faste gjengen, og finn ekstra moro i konkurransen med dei to andre tjuvane. Eg er mindre oppteken av å rangere denne blant dei andre filmane, men kjenner godt igjen verdien av dei gamle andleta. Det er mykje av grunnen til at dette fungerer som laurdagsmimring.
