Hopp til hovedinnhold
Plakat for Om Shanti Om (2007)

Om Shanti Om

Film
4

Bollywood er eit relativt uutforska område for meg, talet på sette filmar frå India kan bli talt på ei hand, noko eg tykker at er finurleg då eg har likt alle godt nok.

Om Shanti Om er hittil den mest typiske eg har sett, ut i frå bilde eg har danna meg av den typiske Bollywood-filmen. Dette er ein standard dei andre Bollywood-filmane eg har sett i ulik grad har styrt unna. Om dette gjer Om Shanti Om til ein typisk Bollywood-film er likevel tvilsamt, sett behandlinga av filmproduksjonen i historia og den ofte veldig klare merksemda på tekniske grep. Å kalle det metafilm vil bli for sterkt, men det finst i blant snev av likskapar.

Om Shanti Om fortel historia om personen Om før og etter reinkarnasjon. Me startar 30 år tilbake i tid og møter han som Om Prakash Makhija, eit lite namn på rollelistene og utelukkande i enkle roller. Etter reinkarnasjonen, ei tid sett til dags dato, møter me Om igjen som superstjerna Om Kapoor som har alt den tidlege Om drøymte om.

Elles involverer dette filminnspeling, mord, songnummer, masse humor og den største filmstjerna i verda, Shah Rukh Khan. Mange andre indiske stjerner og oppdikta grep kjem i tillegg. Det er meir enn nok til å fylle 2 timar og 42 minutt.

Å fortelja gangen i filmen ser eg på som ganske unødvendig, det er like greit å ikkje vite for mykje på førehand. Personleg likte eg dette veldig godt, det var alt eg forventa og meir til. Masse god humor og faktisk spenning då eg aldri heilt visste kva retning ting ville ta, det skal nemnast at eg stilte ganske blank på kunnskapar om både folka i filmen og handling på førehand.

Kjærleiken til filmtradisjonen står sentralt for Ashley Hajimirsadeghi på Ashley Hajimirsadeghi (ashleyhajimirsadeghi.com). Ho les Om Shanti Om som ei hyllest til klassiske Bollywood-filmar og rosar kor mykje song- og dansenumra tilfører, sjølv om ho synest filmen er litt lang. Det gir ei fin forklaring på blandinga eg kosar meg med. Dei mange grepa rundt filmproduksjon blir ikkje berre interne nikk, men ein del av sjølve moroa også for ein som kjenner lite til tradisjonen.

Det er duka for ei god filmoppleving om du ønsker det.