Om Shanti Om - Filmdagbok

Om Shanti Om 2007

Bollywood er eit relativt uutforska område for meg, talet på sette filmar frå India kan bli talt på ei hand, noko eg tykkjer at er finurleg då eg har likt alle godt nok.

Om Shanti Om er hittil den mest typiske eg har sett, ut i frå bilde eg har danna meg av den typiske Bollywood-filmen. Dette er ein standard dei andre Bollywood-filmane eg har sett i ulik grad har styrt unna. Om dette gjer Om Shanti Om til ein typisk Bollywood-film er likevel tvilsamt, sett behandlinga av filmproduksjonen i historia og den ofte veldig klare merksemda på tekniske grep. Å kalle det metafilm vil bli for sterkt, men det finst i blant snev av likskapar.

Om Shanti Om fortel historia om personen Om før og etter reinkarnasjon. Me startar 30 år tilbake i tid og møter han som Om Prakash Makhija, eit lite namn på rollelistene og utelukkande i enkle roller. Etter reinkarnasjonen, ei tid sett til dags dato, møter me Om igjen som superstjerna Om Kapoor som har alt den tidlege Om drøymte om.

Elles involverer dette filminnspeling, mord, songnummer, masse humor, den største filmstjerna i verda som er Shah Rukh Khan, mange andre indiske stjerner, oppdikta grep og meir enn nok til å fylle 2 timer og 42 minuttar.

Å fortelja gangen i filmen ser eg på som ganske unødvendig, det er like greit å ikkje vite for mykje på førehand. Personleg likte eg dette veldig godt, det var alt eg forventa og meir til. Masse god humor og faktisk spenning då eg aldri heilt visste kva retning ting ville ta, det skal nemnast at eg stilte ganske blank på kunnskapar om både folka i filmen og handling på førehand.

Det er duka for ei god filmoppleving om du ønsker det.