
Omkara
Katakombefilm-film nummer fire i 2006 var eit indisk drama basert på Othello av William Shakespeare, eit verk eg aldri har vore borti, men berre høyrt namnet på. Med historia flytta til den indiske landsbygda er det duka for nok av løgner.
Kort oppsummert er dette ein film om å føre folk bak lyset, og bli ført bak lyset. For å ordne til dramaet i filmen blir det brukt meir bannord og vald enn det som er vanleg i indisk film. Likevel om eg berre har sett ein indisk film tidlegare, så kan eg vel sikkert sei det er den mest valdelege indiske eg vil få sett på ei stund.
Litt lang film, men eg likte han. Og eg trur at eg kan like meir indisk. Fascinerande kultur blir formidla, som det typisk nok kjem fram trekk frå i filmen. Spesielt rundt bryllaupsseremonien.
Saif Ali Khan er den store drivkrafta for Jateen Gandhi på My Movie Reviews (irisstrings.blogspot.com). Han meiner framferda til Langda gjer filmen verd å sjå, sjølv om manuset mistar grepet eit par stader mot slutten. Det er ei nyttig utdjuping av historia om å føre andre bak lyset. Eg har ikkje Othello som samanlikningsgrunnlag, men dramaet fungerer godt nok på eigne bein til at lengda ikkje øydelegg den gode opplevinga.
