
On the Waterfront
Ved sidan av The Godfather er On the Waterfront ein av filmane Marlon Brando vann Oscar for i tida si.
Som den framleis unge eks-boksaren Terry Malloy er han ein av favorittane til fagforeiningsstyraren ved hamna, ein ikkje fullt så vennleg Johnny Friendly. Fersk i spelet veit ikkje Malloy alltid kva han går til, og når ein av feltturane fører til eit dødsfall hjå eit fagforeiningsmedlem, dukkar det opp tvil og skyld i sinnet hans omkring miljøet han er i. Når han etter kvart stiftar kjennskap til den avlidne søstera si byr det på trøbbel for fleire enn berre han sjølv.
On the Waterfront er ikkje berre Marlon Brand sin film, god i rolla som Terry Malloy han er. Filmen prøver å vere eit eksempel på at plassen du har i samfunnet ikkje nødvendigvis er ein du har bestemt, men at det er opp til deg om du vil komme deg vidare eller ikkje.
Du har anti-helten Malloy sin kamp mot overmakta, trass i at folk flest er så redde at dei snur ryggen til når han treng hjelp. Overmakta er her representert i form av gangsterane som driv fagforeininga. Filmen styrer godt unna dei verste klisjeane tileigna til gangstermiljø, men let nok kjente sider vere igjen. Det er nok til å skape skikkelege skurkar og gi inntrykk av ein håplaus situasjon for dei undertrykte.
Romantikken fungerer godt ved sidan av dette og tar aldri det største fokuset. Han får likevel nok tid til at eg tenker at Malloy til dels sjølv har skulda for å kjempe åleine.
Kjærleiksforholdet blir også viktig i analysen til Ella Tucan på The One Movie Blog (onemovieblog.blogspot.com). Ho ser Edie som ei av kreftene som får Terry til å stille spørsmål ved lojaliteten sin og oppdage ei mjukare side av seg sjølv. Det utdjupar kvifor romantikken fungerer ved sidan av kampen mot overmakta. Ho gir Marlon Brando sin figur noko å risikere, og gjer det vanskelegare for han å halde fram som før.
Det er ein fin film med fleire gode sider. Han er litt slapp innimellom, men har ei god historie, gode skodespelarar og i blant får han fram fin kjemi mellom dei ulike aktørane.
