On the Waterfront - Filmdagbok

On the Waterfront 1954

Ved sidan av The Godfather er On the Waterfront ein av filmane Marlon Brando vann Oscar for i tida si.

Som den framleis unge eks-boksaren Terry Malloy er han ein av favorittane til fagforeiningsstyraren ved hamna, ein ikkje fullt så vennleg Johnny Friendly. Fersk i spelet veit ikkje Malloy alltid kva han går til, og når ein av feltturane fører til eit dødsfall hjå eit fagforeiningsmedlem, dukkar det opp tvil og skyld i sinnet hans omkring miljøet han er i. Når han etter kvart stiftar kjennskap til den avlidne søstera si byr det på trøbbel for fleire enn berre han sjølv.

On the Waterfront er ikkje berre Marlon Brand sin film, god i rolla som Terry Malloy han er. Filmen prøver å vere eit eksempel på at plassen du har i samfunnet ikkje nødvendigvis er ein du har bestemt, men at det er opp til deg om du vil komme deg vidare eller ikkje.

Du har anti-helten Malloy sin kamp mot mot overmakta, trass i at folk flest er så redde at dei snur ryggen til når han treng hjelp. Overmakta er her representert i form av gangsterane som driv fagforeininga. Filmen styrer godt unna dei verste klisjeane tileigna til gangstermiljø, men let nok kjente sider vere igjen. Det er nok til å skape skikkelege skurkar og gi inntrykk av ein håplaus situasjon for dei undertrykte.

Den romantiske delen av filmen fungerer godt ved sidan av dette, og stikk heller aldri av med det største fokuset i filmen, likevel blir han tileigna nok tid til å gi inntrykk av at Malloy sin kamp åleine er litt hans eiga skuld.

Det er ein fin film med fleire gode sider. Han er litt slapp innimellom, men har ei god historie, gode skodespelarar og i blant får han fram fin kjemi mellom dei ulike aktørane.