
Once Upon a Time… in Hollywood
Handlinga i denne Quentin Tarantino-filmen går føre seg på slutten av 1960-talet eller byrjinga av 1970-talet. På typisk Quentin Tarantino-vis så skjer det mykje forskjellig på ein gong, slik at det ei stund kan vere noko usamanhengane. Men du veit at han vil samle trådane etter kvart, sjølv om du i blant kan spørje deg kva han har tenkt å gjere ut av ei eller anna scene.
Det er fleire plassar i filmen med god stemning, som manar fram kjensler som glede og skummel spenning. Brad Pitt og Leonardo DiCaprio er utmerka i rollane sine og spelar fantastisk i lag. Det er også mange andre filmstjerner som dukkar opp, og som fører med seg både gode karakterar og framferder.
Samspelet mellom Brad Pitt og Leonardo DiCaprio er òg eit stort høgdepunkt på Oh! That Film Blog (ohthatfilmblog.wordpress.com). Omtalen meiner karismaen deira er uimotståeleg, men er mindre nøgd med korleis dei ulike historiene blir sydd saman og kor lenge enkelte scener varer. Eg har større tillit til at Quentin Tarantino vil samle trådane. Likevel er me samde om kor mykje skodespelarane bidreg til at det er godt å vere i denne filmverda.
