One Flew Over the Cuckoo's Nest - Filmdagbok

One Flew Over the Cuckoo's Nest 1975

Nok ein film som eg har tenkt lenge over at eg skulle sjå, men ikkje fått gjort det før no. Dei fleste veit nok kva denne filmen handlar om, så eg vil hoppe over det og gå rett på sak.

Jack Nicholson gjer ein god jobb som Randle Patrick McMurphy, og det er like vanskeleg for oss utanfor filmen, som dei i filmen, å sjå om han er galen eller ikkje. Han har sine eigne måtar å reagere på ting på, og gjer ofte dei tilsette på institusjonen til hatobjekt framfor dei sjuke innlagde.

Sidan dei tilsette har total makt over pasientane blir det ofte frustrasjon når rasjonelle løysingar blir sett til side for maktsjuka deira. Men dei tilsette er likevel ikkje kalde, vonde diktatorar. Dei prøver å hjelpe. Noko som ikkje alltid er like lett å sjå, og av og ser det ut til at det er dei som er grunnen til at folk er innlagd.

Konklusjonen min er at det ikkje er så lett å konkludere meg noko handfast her. Det er mykje for og i mot, og ingen er feilfrie. Filmen er heller ikkje feilfri. Det er ein kjempefilm, men han er hakket for lang. 20 minuttar før slutt måtte eg sjekke tida, for eg hadde ei kjensle at det var like før det var over, men nokon lange minuttar var igjen. Litt kjedeleg å få den kjensla i ein elles så god film, men det kan vere fleire faktorar inn i bilde. Så eg vil oversjå dette og heller gå for at dette er ein kjempefilm.