Hopp til hovedinnhold
Plakat for One Week (1920)

One Week

Film
4

Buster Keaton har akkurat gifta seg og får eit byggesett av eit hus frå ekskjærasten til kona, som han kan bygge sjølv. Men ekskjærasten har stokka om nummera i brukerrettleiinga. Så etter ei veke med bygging så er resultatet eit veldig rart og ferdigbygd hus. Hovudinngangen er i andre etasje, og taket dekkar ikkje heile huset. Uansett så skal Buster Keaton invitere til innflyttingsfest.

I løpet av tjue minuttar får me servert store mengder morosame innslag. Det er rein fysisk humor, som framleis er artig nesten hundre år seinare. Som vanleg så gjer Buster Keaton alle stunta sjølv, og han beviser at han er blant dei største komediestjernene gjennom tidene.

Vitsane veks ut av sjølve byggeprosjektet, slik Chris Edwards peikar på i omtalen på Silent Volume (silent-volume.blogspot.com). Han rosar korleis Buster Keaton lar éin situasjon gi opphav til stadig nye problem, i staden for berre å feste lause påfunn til historia. Det utdjupar kvifor denne fysiske humoren held seg så godt. Det rare huset er meir enn ein kulisse, det gir komikken noko konkret å arbeide mot og stadig nye moglegheiter for katastrofe.