Kva ville du gjort viss du berre hadde ei veke igjen å leve? Om du framleis var oppegåande, men fekk vite at du hadde ein aggressiv krefttype som ville krevje at du kom deg til behandling før veka var omme, viss du i det heile skulle ha ein sjanse. Det er denne situasjonen Ben (Joshua Jackson) brått ein dag hamnar i. Og til spørsmålet er svaret til Ben å kjøpe seg ein motorsykkel og køyre vestover.
One Week har eit alvorleg bakteppe, men endar like fullt opp med å bli ein vakker film. Ein tur vestover med utgangspunkt i Toronto, betyr Canada og spektakulære omgivnader. Men sjølv om naturen byr på sitt og turen på motorsykkel er eit eventyr for seg, er det å følge Ben dette handlar om.
Ben gjennomgår noko som dei færraste har opplevd, og filmen prøver ikkje å forenkle det som skulle fare gjennom tankane hans. Ulike stadium for korleis han taklar situasjonen glir over i kvarandre og framstår som udefinerte og tidvis blanda. Han er på rømmen, samtidig som han søkjer mot noko.
Det er både ein sterk film og ein film som tematikken til vurdering er lågmælt. Det er sterkt å sitje tilbake og sjå den brå forandringa i Ben, samtidig som eg har ei forståing for motivasjonen hans. At filmen ikkje går inn for å formidle dei tyngste sidene ved ein kreftdiagnose, gjer at det er ettertanken og ikkje nødvendigvis tanken undervegs som er den dystre. Ein positiv måte å behandle tema på, som gjer filmen meir vennleg.
Det er jo trass alt snakk om ein film om ein tur på motorsykkel, og for mitt vedkommande er det då viktig med ei kjensle av eventyr og spenning på toppen av alvoret.