
Opera
Opera er ein film av Dario Argento. Han kombinerer stil og mysterium. Det handlar om ein ung operasongar som blir involvert i ei rekke drap. Filmen er har ei stemningsfull atmosfære. Det er ei blanding av visuelle grep som manar både til skrekk og viser skjønnheit. Musikken er ein fiffig kombinasjon av opera og tungmetall.
Eg tykte at kombinasjonen av det visuelle og musikken var gode sider ved filmen. Det gjorde han minneverdig. Men eg tykte òg at vendingane mot slutten var litt snodige. Filmen blei plutseleg til noko heilt anna enn han var. Ikkje at filmen alltid var så solid før det heller, men det var prikken over i-en.
Slutten får òg mykje merksemd på Micro Movie Musings (micromoviemusings.wordpress.com). Skribenten meiner filmen vaklar mellom alvorleg thriller og absurd komikk, og finn avslutninga på operahuset særleg klønete. Samstundes blir epilogen så overdriven at han faktisk blir underhaldande for denne kritikaren. Eg tykte ikkje det, men forskjellen er interessant. Det som bryt opp filmen for meg, kan for andre vere ein del av gleda.
