Operation Christmas Drop - Filmdagbok

Operation Christmas Drop 2020

Julefilmen Operation Christmas DropNetflix handlar om ein flybase på ei tropisk øy, der mannskapet årleg har ein dugnad for å hjelpe innbyggjarane på nærliggande øyer. Filmen er basert på ein tradisjon som faktisk finst, noko som kjem fram i rulleteksten, men som eg også kunne tenkte meg til når eg såg filmen.

Kvaliteten på julefilmar er gjerne avgrensa, spesielt når det gjeld innspelingsstader. Men i Operation Christmas Drop verkar det som at mange av dei etablerande oversiktsbilda som i dei billegaste produksjonane er arkivfoto, faktisk er tatt opp i tilknytning til filminnspelinga. Dette gir eit litt overraskande, men godt mottatt kvalitetsstempel som set ei god stemning frå tidleg av.

Handlinga i filmen går ut på at ei kvinne blir sendt frå Washington D.C. for å finne grunnar til å legge ned ein flybase i Guam. Ho drar dit med alle intensjonar om å gjere ei sakleg vurdering. Mannskapet på flybasen fryktar nedlegging, og set sin mest sjarmerande, men også seriøse mann på saken for å setje basen i godt lys. Samtidig er sjefen til Washington-dama hard på at basen skal leggast ned, og at ein grunn må finnast.

I det som utfaldar seg som ein romantisk komedie på ei tropisk øy, får me ei fin innføring i tradisjonen med å hjelpe øybuarane i området rundt juletider. Nesten som om dette skulle ha vore ein film sponsa av luftforsvaret, utan at det gjer noko for min del. For alt i alt endar dette opp som ein ganske så hyggeleg julefilm som leverte. Ikkje over all forventing, men kanskje litt meir enn forventa.