Hopp til hovedinnhold
Plakat for Operation Mincemeat (2022)

Operation Mincemeat

Film
3

Operation Mincemeat har solide skodespelarar og ei uvanleg krigshistorie. Likevel trur eg dette er ein film som vil forsvinne litt i mengda. Måten historia blir fortald på, er for velkjend.

Britisk etterretning vil villeie tyskarane om kvar dei allierte skal angripe. Planen er å gi ein død mann ein oppdikta identitet og la falske dokument bli funne på kroppen hans. Ewen Montagu (Colin Firth) og Charles Cholmondeley (Matthew Macfadyen) skal få løgna til å halde.

Det burde vere nok særpreg i sjølve operasjonen. Eg opplever berre at filmen er framstilt omtrent slik altfor mange andre historiske drama er. Han blir nesten litt for perfekt produsert. Eg ser at mykje er på plass, utan at det gir meg ei eiga oppleving.

Phil de Semlyen meiner på Time Out (timeout.com) at fleire sidehistorier tar tid frå det mest spennande stoffet. Han skulle gjerne hatt meir av operasjonen i Spania.

Eg sit også med kjensla av at historia har meir å gi enn denne kurante filmatiseringa får fram.