Orange County - Filmdagbok

Orange County 2002

Dette har ingenting å gjere med serien The O.C., likevel om eg var glad når temasongen til serien dukka opp i rulleteksten. Den største grunnen til at eg såg filmen var Jack Black og Colin Hanks. Dei er gode skodespelarar.

Historia tek plass i eit sprøtt miljø rundt ei ung forfattarspire som ikkje har lenge igjen av high school, og som utelukkande har søkt på Stanford University. Så ligg han plutseleg tynt an når det viser seg at skulen har klart å rote vekk søknadspapira.

Etter det skjer blir filmen ein standard frustrerande og hektisk film som hastar seg fort framover. Alt som skjer, skjer i løpet av eit par dagar. Men Shaun (Colin Hanks) får verkeleg vist seg som ein interessant karakter, og det likte eg. Dei andre karakterane er ikkje så djupe, men artige stereotypar.