
Ordinary People
Ordinary People gjekk eg inn til utan å vite noko som helst. Det var lista over 1001 filmar du må sjå før du døyr. Det er ikkje den verste grunnen til å sjå film. Eg hadde inga forventning.
Filmen handlar om oppløysinga av ein velståande familie i Illinois. Den eine sonen har døydd ved eit uhell, og den andre har sidan forsøkt å ta sitt eige liv. Det er eit tungt utgangspunkt. Regissøren er Robert Redford, og for ein regidebut dette er. Tematikken er dramatisk, men filmen har ingen melodrama. Det er ingen tunge musikktema som fortel deg korleis du skal føle.
Det som grip godt her er kva filmen gjer med kjensler. Det er fleire som held kjensler på avstand, pakkar dei inn, let som om dei ikkje finst.
Alle skodespelarane gjer ein solid jobb. Men eg vil nemne Mary Tyler Moore som noko ekstra. Ho er eit namn som på den tida var mest kjent frå komedie på fjernsyn. Her er ho svært overtydande som dramatisk skodespelar. Ho spelar ei mor som har stengt ned kjenslene under fleire lag med forsvarsmekanismar. Det er ubehageleg å sjå på.
Det er Mary Tyler Moores prestasjon som dreg filmen til sine største høgder, skriv bloggaren Ken Anderson på Le Cinema Dreams (lecinemadreams.blogspot.com). Det er eit standpunkt eg forstår godt. Ein figur det nesten er umogleg å akseptere, men som gjer at alt anna gir meining.
Judd Hirsch speler psykologen Dr. Berger. Han er den einaste i filmen som kommuniserer direkte. Han er varm og kontant. Scenene mellom han og Timothy Hutton er det næraste filmen kjem lette stunder.
Robert Redford har lagt handlinga til ein forstad, utan å skulle gi billege spark til velstand eller anna med forstadslivet. Han dømmer ikkje. Han berre observerer.
Eg ligg og vippar på grensa til fem stjerner. Det er ikkje godt å seie kva som held meg att. Kanskje eg berre treng litt tid.
