
Orion and the Dark
Orion and the Dark er ein hyggeleg animasjonsfilm som tek for seg natt og dag og mørke og lys. Ein ung gut som er redd for det meste møter mørket, gjort om til ein figur, og blir med på ei reise. Dette blir mest ei overfladisk reise for meg å følge, der det handlar om opplevinga der og då. Den overgripande historia om guten treff ikkje så djupt.
Historia treff langt djupare for skribenten på A Random Walk Through Film History (filmmeanderings.wordpress.com). Omtalen rosar særleg empatien med både barnet og foreldra, og at redsla ikkje får ei enkel løysing. Det er ei interessant motvekt til mi meir overflatiske oppleving. Eg ser at forteljinga vil meir enn å vise ei nattleg reise, sjølv om eg ikkje får den same kjenslemessige kontakten med guten.
