Otherhood - Filmdagbok

Otherhood 2019

Ein god film om midtlivskrise og tomme reir-syndromet. På morsdagen bestemmer tre mødre seg for å dra til Manhattan for å besøke sine utakknemlege søner. Fordi sønene gløymte morsdagen deira igjen.

Atmosfæren er som ein uføreseieleg miks av den yndige sida av Woody Allen frå 1970-talet, den respektlause sida til Sex and the City og den enkle stilen til Mamma Mia! Det er ikkje eit meisterverk, men eg likte filmen.