
Otona no miru ehon - Umarete wa mita keredo
Otona no miru ehon - Umarete wa mita keredo, eller I Was Born, But... som den engelske tittelen er, fortel historia om to unge brør som strevar med å tilpasse seg eit nytt nabolag.
Dei oppdagar raskt at faren deira ikkje har den statusen dei trudde han hadde. Og sjølv må dei navigere i eit miljø med nye ungar som gir dei ein hard velkomst.
Filmen utforskar kvardagslivet til ein familie gjennom auge av dei unge gutane.
Karakterane er gode, spesielt brørne som står i sentrum av handlinga har mykje personlegdom.
Barnas verd speglar òg den vaksne. Omtalen på The Movie Screen Scene (themoviescreenscene.wordpress.com) peikar på korleis Yasujirō Ozu set rangordninga på skulen opp mot underordninga på faren sin arbeidsplass. Det som først verkar som gutestrekar, får då ein meir alvorleg botn. Eg likar at filmen let oss oppdage denne verda saman med brørne, utan at dei treng å forstå alt det faren må leve med.
Filmen har ein stil som klarar å fremje barn og livet sett frå barn sine auge. Handlinga kan vere noko langsam, men i rette modus er det fint. Trass i at han snart er 100 år gammal, så har han augeblikk som eg kan kjenne meg att i.
