Hopp til hovedinnhold
Plakat for Our Hospitality (1923)

Our Hospitality

Film
4

Til å vere ein film frå 1923 om tidleg 1800-tal, så gjer Buster Keaton mykje ut av å tulle med eit USA i utvikling.

Blant anna blir Time Square vist før trafikken kom, som to grisete grusvegar i eit enkelt kryss. Og ein tidleg versjon av sykkelen utan pedalar, blir gjort narr av.

I tillegg får me ein smakebit på toghumoren som Buster Keaton gjorde langt meir ut av i The General.

Fortida får lite høgtideleg vern i lesinga til Jean-Baptiste de Vaulx på Cinescope (cine-scope.com). Han meiner Buster Keaton punkterer både dei gamle framkomstmidla og den fine tanken om gjestfridom, som viser seg å leve side om side med drapslyst. Det utdjupar humoren eg likar her. Verken framsteg eller gamle skikkar slepp unna å bli gjort litt latterlege.

Historia i filmen er om ein fyr som blir forelska i ei kvinne. Problemet hans er at familien hennar har svore på at dei skal drepe alle i familien til mannen. Det byr sjølvsagt på ein del gøy.