Our Kind of Traitor - Filmdagbok

Our Kind of Traitor 2016

Ewan McGregor og Naomie Harris møter Stellan Skarsgård og Damian Lewis i Our Kind of Traitor, ein passe tradisjonell krim- og thrillerfilm.

I blant er det kjekt å plukke opp ein slik film, med russisk mafia, kriminelle element, etterretning og vanlege folk som blir kasta inn i noko alvorleg.

Our Kind of Traitor er ein gjennomsnittleg god film, som gjerne kunne hatt meir action eller noko. Det er ei kurant historie som blir fortalt, og karakterane er på plass. Men filmen manglar litt driv eller god framdrift. Så han blir ikkje noko høgdepunkt frå sjangeren.