Our Man Flint - Filmdagbok

Our Man Flint 1966

Vår mann Derek Flint er ein steinhard superagent som følger sine eigne reglar. Han bøyer seg verken for oppdragsgivarar eller fiendar, og har sin eigen måte å løyse problem på.

Med sine fire damer lever han i ei stilfull leilegheit med topp moderne overvakingsutstyr og veltrena hundar som kan merke uvennlege vibrasjonar i folk. Som den verdsvante personen han er kan han snakke mange språk, danse dansar av alle slag og smake seg til prosentandelen av kvitløk i ei suppe.

Når verda står i fare er svaret frå den store datamaskina klart: Berre Derek Flint kan redde verda frå ein vond organisasjon som har teknologi som kan styre veret over heile planeten.

Den vonde organisasjonen er Galaxy, og har som mål å lage fred og utrydde fattigdom. Ikkje dumt, men det er på ein måte som verken Derek Flint eller politikarane i verda har sansen for. Når alle damer i tillegg blir hypnotisert til å oppføre seg som lystobjekt er grensa iallfall nådd. Flint ser ikkje ut til å ha problem med dette så lenge damene gjer det frivillig. Men no er det ikkje frivillig.

Likskapane med James Bond er mange. Høgteknologiske hjelpemiddel, agenten som har sansen for damer, køyrer stil og har kunnskap om alt, men som også er uortodoks i handlemåten, er sider eg kjenner igjen. Derek Flint er på mange måtar ein amerikansk James Bond, og den faktiske eller ønska posisjonen til USA i verdssamanheng kjem godt fram i samtalar. Morosamt blir det difor når ei kongeørn angrip Flint. Flint spør ein person i Galaxy om kvifor han blir angripen, og får til svar at ørna er trena opp i å angripe amerikanarar. Motsvaret til Flint er at ei anti-amerikanske ørn er djevelsk.

Med dette trur eg at du skal klare å danne deg eit bilde av filmen. Ei vidare vurdering ser eg altså ikkje poenget i å skrive, men vil nemna på slutten at filmen i mine auger var akkurat passe morosam og spennande, og kom bra ut alt i alt.