Hopp til hovedinnhold
Plakat for Out of Africa (1985)

Out of Africa

Film
3

Out of Africa frå 1985 er regissert av Sydney Pollack. Filmen har Meryl Streep og Robert Redford i hovudrollene. Filmen er lang, vakker, og med ei ro som gjer at eg kan sette meg til rette med han.

Handlinga følger ei dansk kvinne, Karen. Ho reiser til Aust-Afrika i 1913 for å gifte seg. Han bestemmer seg for å drive ei kaffiplantasje, og overlèt til ho å halde det gåande. Ho møter storvilljegaren Denys. Dei to utviklar eit forhold. Historia strekker seg over fleire år.

Eg kjem ikkje under huda på Karen eller Denys. Eg får aldri den heilt nære kjensla av kven dei er. Det kan vere noko med tempoet. Eg får tid til å ta inn omgjevnadene, men ikkje bli så kjent med rollefigurane.

Vakre bilete er heller ikkje nok for Tyler og Ellen på I’d Like To (Blank) The Academy (iltbta.substack.com). Begge rosar utsjånaden, men Ellen slit med å bli oppslukt av historia, og Tyler saknar kjemi mellom hovudrollene. Dei er meir negative enn eg er. Likevel kjenner eg igjen avstanden til menneska, sjølv om eg finn meir glede i roa og landskapet.

Stemning og landskap er sentrale her. Dette er ein film som tek seg tid. Han er vakker utan å vere for glad i seg sjølv.

Out of Africa er ein lang film. Han verkar lang, men ikkje på ein slitsam måte. Han går gjennom hendingar, reiser og kjærleik på ein måte som passar formatet. Eg kan kose meg med denne utan å bli heilt gripen av han.