Hopp til hovedinnhold
Plakat for Out of Time (2003)

Out of Time

Film
3

Førsteinntrykket var at dette kunne bli ein heilt grei søndagsfilm på ein onsdag, og det stemte ganske godt. Historia er lagt til eit varmt Florida. Både fargebruk og musikk støttar opp under dette.

Denzel Washington gjer som oftast ein stødig jobb. Mens handlinga her er fullt av tilfeldigheiter og velkjende grep. Mykje av spenninga bygger seg sakte opp, så eg må forbi ein småtreig start før det byrjar å livne til.

Filmen blandar krim og drama. Hovudpersonen er plutseleg hamna midt i ei drapssak som hovudmistenkt. Det blir litt katt og mus med politiet, ein dose romantisk forvikling, og nokre føreseielege vendingar.

Sjølv om historia ikkje overraskar, er det noko med stemninga som gjer at dette fungerer som lett underhalding. Dette er ikkje ein film eg kjem til å hugse eller sjå igjen, men der og då fungerer det heilt fint.

Ed Gonzalez på Slant Magazine (slantmagazine.com) meiner mykje av moroa ligg i å sjå hovudpersonen nesten bli avslørt, medan han prøver å kome seg ut av fella. Publikum får vere med på spelet, framfor berre å bli lurt av ei stor sluttvending. Han finn likevel filmen lett å legge frå seg etterpå. Det passar ganske godt med søndagsfilm-kjensla mi. Spenninga og stemninga fungerer undervegs, utan at eg treng å sitte att med noko som krev eit gjensyn.