Hopp til hovedinnhold
Plakat for Over the Hedge (2006)

Over the Hedge

Film
3

Ein vaskebjørn skapar trøbbel for ein gjeng med smådyr i Over the Hedge.

Vaskebjørnen RJ prøver å stele mat frå bjørnen Vincent som er i dvale. Men Vincent vaknar opp, RJ mistar maten, og må love å skaffe ny mat innan ei veke.

I det RJ støyter på ei gruppe beståande av ei skilpadde, eit ekorn, eit stinkdyr og nokre fleire, får han ein ide. Like ved ligg eit forstadsområde med mange moglegheiter for matsanking. RJ lurer dyra til å hjelpe han med å skaffe maten som bjørnen vil ha.

Over the Hedge har mykje på hjarte. Tema som det å stele, lyge, rasere område til dyra og meir blir tatt opp. Det er ei side av filmen. Den andre sida er dei kule animerte dyra og dei dryge og morosame situasjonane dei hamnar i. Og måten dei blir animert på. Eg var i modus til å sjå underhaldning og mesteparten av opplevinga eg tok til meg var det lystige.

Karakterane veg tyngre enn originaliteten i historia for Jared Mobarak på Jared Mobarak’s Film Reviews Blog (jaredmobarakreviews.wordpress.com). Han meiner dei rare dyra og stemmeskodespelarane gir nok moro til at ein gløymer kor kjend oppbygginga er, særleg gjennom Hammy sin ville energi. Det er mykje av den same sida eg tok til meg. Filmen har tema å tenke over, men fungerer godt også når ein berre vil bli underhalden.

Sjølv om det byrjar å bli ein del år sidan filmen kom ut, held han seg godt. Animasjonen er upåklageleg. Vitsane er i mindre grad enn i Shrek-filmane knytt til referansar frå då han kom ut. Det er positivt.

Artig, enkelt og fin underhaldning. Fin å sjå om du likar animasjonsfilmar.