
Over the Moon
Den Oscar-nominerte animasjonsfilmen Over the Moon frå Netflix er eit kurant underhaldingstillegg på halvannan time i kvardagen.
Historia i Over the Moon handlar om ei ung jente, som veks opp med å tru på ei kjærleikshistorie som mora fortalte hennar. Om ei kvinne som aldri fekk sin kjærast, og enda opp med å bli ei mytisk gudinne på månen.
Filmen er ein fargeklatt med fleire songnummer. Nokon kunne ha passa inn i ein Disney-film, mens andre ligg nærare EuroVision. Animasjonsstilen har rom for humor, men gjer ikkje så mykje meir utover det enn å fungere til formål for å fortelje historia.
MV på Sweet Animated Films (sweetanimatedfilms.wordpress.com) likar også songane og fleire av dei visuelle detaljane, men meiner sjølve leitinga på månen berre fungerer sånn passe. Omtalen skil mellom dei Disney-liknande songane og det meir særeigne pingpongnummeret. Det liknar mitt inntrykk av ein film som er fargerik utan heilt å feste seg. Dei små innslaga kan vere meir interessante enn historia som skal binde dei saman.
Det er ein enkel og passe artig film som eg i utgangspunktet ikkje har noko i mot. Men ein tilbakevendande skepsis på alt som handlar om Kina, får meg til å lure på om dette er nok ein film med kinesiske produksjonsselskap. Kina og politikk involverer seg stort i filmproduksjonar, og innslaget i Over the Moon om ei lyntogutbygging luktar kommunistpropagande. Det set ikkje så altfor stort preg på filmen, men det er der.
Ved å legge denne tanken tilsides, noko som er greitt for i det heile å kunne ha glede av mange filmar frå ulike hald, så har eg ikkje stort meir negativt å seie enn at dette i blant også er litt kjedeleg. Men han hentar seg alltid inn igjen.
