Laura Linney glødar i ein elles middelmåtig film.
Som fan av That '70s Show har eg av og følgt med dei ulike skodespelarane sine aktivitetar i filmar dei siste årene. Ettersom fleire av dei involverte ikkje er all verda å skryte av i andre roller enn som ungdom anno 1970-talet, har eg over tid dreia fokuset inn på stort sett Topher Grace og Ashton Kutcher.
Ashton Kutcher har spelt i mykje drit, men vist i eit par filmar at han kan trå i blant. Topher Grace har spelt i langt færre filmar, gjerne også i mindre roller. Sjølv om det har gått veldig seint framover trur eg han har ei større framtid i filmverda enn Ashton Kutcher.
Rolla Topher Grace spelar mot Laura Linney i P.S. er litt flat, men dette kjem heller av manus og slikt enn skodespelaren. Greia med filmen er at han tar årsakene til gangen i handlinga for gitt, før det har gått altfor lenge då han går inn for å hente seg inn igjen, Men då på ein klumsete måte som ikkje heilt går heim hjå meg. Fram til dette punktet var han i det minste ein grei film om ei vakker kvinne på 39 år som har hamna i ein monoton livsrytme som ser ut til å plage ho litt.
Etter at filmen byrja å prøve og gi møte mellom henne og den unge kunstnaren spelt av Topher Grace ei djupare meining, får det meg til å stille spørsmål omkring det som har skjedd, og eg synst store deler av det berre blir teit.
Så var det Laura Linney. Ho er perfekt i rolla si og tilfører så mykje ekstra her at eg ikkje kan unngå å like filmen når ting skal vegast. Det er inga overdriving å sei at Laura Linney er filmen her. Skryt må også gå til regissøren Dylan Kidd som har klart å overføre bilde av kvinna Laura Linney portretterer frå det manusforfattar og forfattar bak romanen filmen, Helen Schulman, står for. Men så var det alt det andre med filmen som ikkje heilt fungerer i lengda.