
Pablo Francisco: Bits and Pieces
Film
4
Ein av dei beste standupoppvisingane eg har sett.
Filmen var nok betre første gangen, men er framleis hysterisk. Eg oppfordrar alle til å sjå dette, og åtvarar nok ein gang mot Eddie Murphy sine 230 gonger fuck-standup frå 1983 i Eddie Murphy: Delirious. Han sa fuck så mange gonger i løpet av 70 minuttar.
Scott Chitwood på ComingSoon.net (comingsoon.net) reagerer på mykje av det eg mislikar hjå Eddie Murphy, nemleg banning og grove poeng. For han tek dette for stor plass i showet til Pablo Francisco òg, sjølv om han anerkjenner evna til å lage stemmer. Eg ler langt meir her. Det viser kor vanskeleg det er å sette opp ein enkel regel for kva som fungerer. Framføringa kan avgjere om grovheita blir slitsam eller hysterisk.
