
Pacific Rim
Pacific Rim er verken komplisert eller djup. Historia bygger på eit snodig forsøk på å dekke til miljøpropaganda, og utover i filmen eit urealistisk val om å bygge dårlege murar rundt busette område.
Men det er småting og betyr ikkje stort for resten av filmen, trass i at eg nok ein gong set av innleiinga i eit innlegg til det negative.
På effektivt vis, om enn enkelt, så får filmen skapt eit godt grunnlag for ei framtid med lite håp. Det kan det bli, og blir det, spenning ut av. Kampane mellom dei gigantiske menneskeskapte maskinene og framande monster er lette å følge med på. Dei er godt dosert utover i filmen, og er viktige nok til å bry seg om.
Så trass i at filmen er enkel på enkelte område, så er det godt gjort der det gjeld. Og for min del står filmen fram som spennande, engasjerande og fullkommen innanfor sjangeren sin.
På FilmEdge.net Blog (filmedge.wordpress.com) blir dei store kampane også verdsette, men skribenten saknar eit sterkare band mellom dei menneskelege personane. Særleg ideen om pilotar som må dele tankar og kjensler kunne ha gitt meir dramatisk utbyte. Eg har mindre behov for at filmen skal gå djupare der. Den enkle kampen for å overleve gir meg nok å bry meg om, og då fungerer dei veldige samanstøytane slik dei skal.
