Paddington 2 - Filmdagbok

Paddington 2 2017

Paddington 2 er så god som ein oppfølgjar kan bli. Eg tykkjer han er betre enn førstefilmen Paddington. Filmen viser at sjølv om vi no har blitt kjent med bjørnen og tilværet hans som ny i London, så er det mykje å hente frå dette oppdikta universet.

Bjørnen Paddington skal kjøpe ei gåve til tanta si som bur i jungelen i Peru. Augo hans fell på ei utbrettbok om London, men boka er dyr. For å få råd til boka må Paddington skaffe seg ein jobb.

Ein skurk spelt av Hugh Grant får også kjennskap til boka, og vil ha tak i ho av ukjente årsaker.

Eg trur at det er ein meir fullført jobb med detaljnivået i filmen som gjer han betre enn forgjengaren. Det er ein stadig straum av god komedie. Stilen på det filmatiske er i retning av filmane til Wes Anderson og Jean-Pierre Jeunet. Dette er uvant for hovudstraumsfilmar som Paddington 2 er, men svært velkomment.

Eg skal ikkje legge meg for mykje bort i handlinga utanom dei innleiande orda mine. Men eg lurer på om filmen også er tent med at han er ferdig med introduksjonen av møtet til Paddington med London. Han er no akseptert og i stor grad van til byen, men det er ikkje til å unngå at han er annleis. Det gir rom for å bygge heile filmen opp rundt historia om utbrettboka, med nødvendige frampeik og tilfredsstillande løysingar.

Alt i alt ein komplett film, som sikkert er like god for barn som for vaksne. Sjå han gjerne etter å ha sett Paddington.