
Paddington
Paddington er ein film om ein bjørn frå jungelen i Peru som kjem til London. Der møter han ein hyggeleg familie som gir han ein heim. Det å vere ein bjørn i London byr på fleire utfordringar. Ein utstoppar har lyst til å fange Paddington for å stoppe han ut.
Dette er både ein komedie om ein bjørn som blir kjent med siviliasjonen, og ein spenningsfilm med ein skurk som vil fange bjørnen. Det er både morosamt og litt spennande. Mesteparten av humoren er små detaljar og eit utanforståande blikk retta mott britiske skikkar.
Dei små visuelle påfunna får mykje av æra i Andrew Routledge sin omtale på Cinema and Silliness (cinemaandsilliness.wordpress.com). Han meiner detaljane gir filmen preg av ei levande eventyrbok, og at Paddington først og fremst overtyder som karakter. Eg blir òg mest sjarmert av det som skjer i utkanten av dei store hendingane. Den vesle bjørnen gjer kvardagslege britiske vanar til noko merkeleg og morosamt.
I tillegg er det ein fantastisk film med mykje kaos og uføreseielege hendingar som kan overraske. Eg blei overraska over kor god filmen var, og ser fram til oppfølgaren.
