Hopp til hovedinnhold
Plakat for Pale Rider (1985)

Pale Rider

Film
4

I Pale Rider dukkar Clint Eastwood opp i kjent skapnad. Balansert og smart og med ei ukjent fortid. Ein liten gruvekoloni har problem med den lokale stormannen LaHood. Som sendt frå ovan dukka Clint Eastwood opp i presteskapnad. Heller ikkje i Pale Rider har han noko namn. Forutan merke etter kulehol i ryggen er det ingenting bestemt som kan bli sagt om mannen.

Ei overhengande mystisk fortid er vel så effektivt, kanskje meir, enn ei utgreia historie for å rettferdiggjere handlingane til ein person i filmsamanheng. Også sparar det oss for mykje tid, slik at fokuset på filmen si notid blir sterkare.

Grant Watson på The Angriest (angriest.blogspot.com) meiner dei tilbakehaldne rørslene og pausane til Clint Eastwood er mykje av styrken i rolla. Han trekker òg fram det nesten overnaturlege ved måten presten dukkar opp og forsvinn på. Det passar godt med at eg likar å ikkje få heile fortida forklart. Dei små antydingane gir figuren tyngd utan at filmen treng å stoppe opp og gjere greie for alt.

Men tilbake til Pale Rider. Dette er ein oppegåande film som held eit roleg tempo med unntak av nokon harde konfrontasjonar i blant, desse er på høgde med det beste av westernpistolaction eg har sett og er svært underhaldande. Dialogen har djupn og er meir enn berre snakk. Rolla til Clint Eastwood blir heller ikkje ein helt som tar alt i eigne hender fordi han meiner å vite kva som er rett og gale i samfunnet. Dette er alle gode bitar som ednar opp i ein god film.