I Pale Rider dukkar Clint Eastwood opp i kjent skapnad. Balansert og smart og med ei ukjent fortid. Ein liten gruvekoloni har problem med den lokale stormannen LaHood. Som sendt frå ovan dukka Clint Eastwood opp i presteskapnad. Heller ikkje i Pale Rider har han noko namn. Forutan merke etter kulehol i ryggen er det ingenting bestemt som kan bli sagt om mannen.
Ei overhengande mystisk fortid er vel så effektivt, kanskje meir, enn ein utgreia historie for å rettferdiggjere handlingane til ein person i filmsamanheng. Også sparar det oss for mykje tid, slik at fokuset på filmen si notid blir sterkare.
Men tilbake til Pale Rider. Dette er ein oppegåande film som held eit roleg tempo med unntak av nokon harde konfrontasjonar i blant, desse er på høgde med det beste av westernpistolaction eg har sett og er svært underhaldande. Snakket i filmen har ei djupne og er ikkje berre der for å vere snakk, samt Clint Eastwood si rolle unngår å bli ein helt som skal ta alt i sine eigne hender fordi han har ein sans om kva som er rett og feil i samfunnet. Dette er alle gode bitar som ednar opp i ein god film.