Todd Solondz skremmer meg. At han var mannen bak Happiness fann eg ikkje ut av før etter å ha sett denne filmen ferdig. Hadde eg visst det så hadde eg nok styrt unna.
Temaet som går igjen i desse filmane er pedofili og seksualitet. Eg skal ikkje dra noko større samanlikning mellom filmane, ettersom det ikkje vil vere noko poeng, men går rett på sak med Palindromes.
Jenta Aviva er tretten år og har lyst på barn og familie. Ho går ganske langt for å oppnå dette. Gjennom filmen blir Aviva spelt av sju ganske så ulike skodespelarar, noko som gjer den første delen av filmen vrien å sjå samanhengen i. Etter kvart blir det ei vanesak. Det som derimot aldri kan bli ei vanesak er alle dei rare folka Aviva møter. Spesielt familien Sunshine som har adoptert ti fysiske eller psykisk hemma ungar, og oppfører seg som den typiske amerikanske familien frå ein komedie sett til 1960-talet, er verdt å nemne. Ei oppleving.
Filmen er veldig nærgåande, kanskje i overkant av ærleg, noko som gjer han både ubehageleg og komisk. Han rører viktige problem i fleng og blir såleis meiningsfull. Men det heile kjem tilbake til det ubehagelege ved å sjå filmen.
Eg vil sei det er ein god film som gjer inntrykk, men som eg ikkje likte nettopp på grunn av det temaet. På ei anna side likte eg filmen, for han er eit godt stykke arbeid. Måten han blir gjennomført på har eg aldri sett før. Det litt uoversiktlege med ulike jenter som spelar Aviva speglar tankane mine om filmen.