Hopp til hovedinnhold
Plakat for Palmeras en la nieve (2015)

Palmeras en la nieve

Film
3

Ein ung mann jobbar i den spanske kolonien Spansk Guinea, ein av dei siste koloniane til Spania. Tidsperioden er frå 1950-talet og utover 1960-talet. Under opphaldet sitt forelskar han seg i ei gift kvinne.

Historia om mannen og situasjonen i landet, både politisk og privat, blir fortalt side om side med ei historie om hans niese frå nyare tid som drar tilbake til noverande Ekvatorial-Guinea for å lære om fortida til onkelen.

Det er mykje bra i filmen. Han har ein verkeleg solid struktur og er ein film som er rik på inntrykk, utvikling og drama med djupne. Lite er det som manglar for å gjere dette til ein topp film. Men det vesle som manglar er likevel ein vesentleg mangel. Filmen har ein tendens til å forvirre ved å forhaste nokon poeng. Og eg saknar eit sterkare spel på kjensler. Stort sett opplever eg å vere ein utanforståande skodar, og kjem ikkje tett nok på filmen.

Avstanden til kjenslene er eit endå større problem for Mario Álvarez de Luna Costumero på Cinemascomics (cinemascomics.com). Han rosar produksjonen og dei vakre bileta, men meiner at filmen prøver å romme så mykje at dramaet mistar kraft. Eg finn strukturen langt betre enn han gjer. Likevel møtest me i saknet etter å kome tettare på personane, framfor å berre sjå på det som skjer med dei.

Filmen heiter Palm Trees in the Snow på engelsk.