
Paradise
Eg likar Julianne Hough. Det er dessverre ikkje nok til å gjere Paradise særleg interessant. Resten av filmen blir for tullete, og eg får lite igjen for historia han prøver å fortelje.
Lamb (Julianne Hough) har overlevd ei flyulykke og fått alvorlege brannskadar. Ho mistar trua på Gud og reiser frå det kristne heimemiljøet til Las Vegas. Der vil ho oppleve det ho tidlegare har halde seg unna.
Diablo Cody har skrive manuset og står også for regien. Ho har tidlegare skrive fantastiske Juno, så det er ikkje rart eg kan bli nysgjerrig på noko med namnet hennar på. Samtidig viser Paradise kor vanskeleg det er å vite kva eg får. Avstanden mellom desse filmane er stor for min del.
MaryAnn Johanson saknar på FlickFilosopher (flickfilosopher.com) brodden frå tidlegare manus av Diablo Cody. Ho meiner også at nærleiken mellom dei tre sentrale figurane kjem for fort til å vere overtydande. Det er eit konkret problem i ein film som treng desse møta for å utvikle hovudpersonen.
