Parker - Filmdagbok

Parker 2013

Parker er ein tøff sak og blant dei betre filmane med Jason Statham.

Filmen handlar om ran, svik og hemn og får inn halsbrekkande stunt, blod og spionering. Det går langt i retning action, og filmen leverer det som ofte er å forvente frå ein film med Jason Statham. Samtidig er det truverdig og ekte nok til ikkje å bli komisk. Og filmen tar seg tid til å bygge opp ei passande handling som gir filmen nok, men ikkje mykje djupne.

Utover dette er det lite å kommentere. Filmen er akkurat god og grei og som forventa, og eigentleg aldri kjedeleg.