
Parkgate Iron and Steel Co., Rotherham
Film
2
Parkgate Iron and Steel Co., Rotherham er ein del av samlinga som filmen over. På lik linje viser han folk i fabrikksamanheng, som skal hente lønninga si. Ikkje alle er like blide for å bli filma, og i bakgrunnen bryt det dessutan ut ein slåstkamp som ikkje er sett i scene av kameramannen. Morosamt.
Det er noko med det umiddelbare uttrykket som gjer denne vesle filmen levande. Brukaren mjccrimson trekker fram nettopp kjensla av ekte liv på Letterboxd (letterboxd.com). For vedkomande er det fascinerande at menneska verkar dokumenterte heller enn instruerte. Det passar godt med det eg finn morosamt her, der det skjer ting framfor kamera som ikkje verkar særleg tilrettelagde.
