Hopp til hovedinnhold
Plakat for Partly Cloudy (2009)

Partly Cloudy

Film
4

Kortfilmen Partly Cloudy av Pixar handlar om storkar som leverer barn, og om skyene som lager barna storkane leverer.

Det er ein sjarmerande og visuelt veldig pen film, som oppnår å gi seks morosame og hyggelege minuttar.

Det er ein god ide, som det blir gjort akkurat nok ut av.

Små endringar kan vere nok i ein kortfilm. Kate Stuart på A Writer Reviews (ksreviewsblog.wordpress.com) likar at figurane ikkje må forandre heile livet sitt for at me skal kjenne at dei har vore gjennom noko saman. Ho finn mykje av sjarmen i den nye forståinga mellom skya og storken. Det er ein fin måte å forklare kvifor eg opplever at ideen blir brukt akkurat passe mykje.