I ei ikkje altfor fjern framtid, men i ein fjern del av verdsrommet, er eit romskip på veg til ein ny planet som skal bli busett av menneske.
Reisa er meint å ta meir enn ein mannsalder. Alle passasjerane om bord er lagt i kunstig søvn, som med hjelp av fantastisk, framtidig teknologi gjer at dei skal kome fram til den nye verda utan å ha eldast.
Så skjer det som ikkje skal skje, ein passasjer vaknar. Sovemaskina til Jim (Chris Pratt) blir utsett for ein teknisk feil, som set i gang oppvekkinga. Etter å ha vakna oppdagar han at det berre er han som er vaken.
Dette er byrjinga på Passengers, ein film som òg har med Jennifer Lawrence. Dette avslører både plakaten til filmen og mange korte samandrag av filmen. Mykje av filmen handlar om tida før karakteren Aurora spela av Jennifer Lawrence vaknar. Og nettopp fordi me veit det vil skje, blir alt som leiar fram til det litt mindre spennande.
Men på mange andre vis er dette ein god film. Eg har sansen for science fiction, framtidsfilmar og meir av det som Passengers omfattar. Eg vil ikkje påstå at denne filmen er den beste, men han har mange interessante idear og spennande utfordringar å utforske. Filmen i seg sjølv, med si oppbygging og historie, er ikkje spesielt utfordrande. Han er heller lett tilgjengeleg, og lett å sjå.