Paths of Glory - Filmdagbok

Paths of Glory 1957

I dag var det duka for Stanley Kubrick og krigsfilmen hans med Kirk Douglas i hovudrolla.

Paths of Glory er meir enn noko anna ein film som rettar blikket mot urettferdig behandling i militærsystemet. Det er første verdskrig, og me er på grensa mellom franske og tyske troppar. Eit kompani leia av løytnant Dax (Kirk Douglas) får ordre om å utføre eit meiningslaust oppdrag.

Dette utviklar seg til å bli ein håplaus kamp mot dei overordna. Me får sympati for dei underordna, blir servert mange argument for og i mot dei tilsynelatande meiningslause ordrane, og blir vitne til mange idiotiske trekk frå høgare offiserar. Likevel er ikkje dette berre ei tilsmussing av offiserar si ære og sympati for dei kloke underordna. Det kjem fram at krig er komplisert, og at i blant må offiserar me ikkje likar gjere ting som er idiotiske, paradoksalt nok.

Iallfall framstod Paths of Glory for meg som ein djupare film. Uansett kor mykje eg måtte mislike militære autoritetar er det noko ved dei her i filmen som eg ikkje heilt klarar å oversjå. Så definert at eg kan sette fingeren min på det er det heller ikkje. Så skulle nokon spørje kvifor eg fekk dette inntrykket ville eg nok ikkje kunne ha komme med eit klokt svart. Men eg klarar ikkje avfeie alt snakket deira som vrøvl.

Dessutan er filmen kort og presis, og veit når det skal gi seg. Det er jo eit stort pluss, når det ikkje går utover det presenterte temaet.