
Payback
Eg har både sett kinoutgåva av Payback, og Payback: Straight Up som er director's cut. Teksten her handlar om sistnemnde.
Same historie, anna film. No har eg rett nok ikkje sett kinoversjonen av Payback på nærare sju år, men Payback: Straight Up var godt ulikt i frå det vesle eg hugsar. Ei samanlikning blir urealistisk å få til på sparket utan eit gjensyn med kinoversjonen, noko eg ikkje har planlagt i næraste framtid, så det får bli med opplysningane får ein medfølgande dokumentar.
Borte er det bilde med blå tone, Payback: Straight Up er rik på fargar og kontrastar. Vitsane er fjerna, nokon dystre scener er lagt til, så det er ikkje snakk om ein lettare film, tvert i mot. Regissør Brian Helgeland sin visjon om ein film med 1970-talsstil er resultatet.
Payback: Straight Up er ein tøff og målretta film. Men han er ikkje overdriven actionhelttøff. Drastiske val av scener gjer det til ein Mel Gibson-film utanom det vanlege. Ei frisk oppleving og ein absolutt fornøyeleg film. Dessutan er den på like under 90 minuttar. Kompakte filmar er ei fin avveksling.
Matt Strackbein på Cinema Adrift (cinema-adrift.com) er endå meir begeistra for denne versjonen. Han meiner styrken ligg i at Porter ikkje prøver å unnskylde kven han er, og at den harde haldninga held seg heilt ut. Det passar godt med den målretta filmen eg opplever. Eg treng ikkje ei fersk samanlikning med kinoversjonen for å sette pris på at denne utgåva står så støtt i sitt eige uttrykk.
