Hopp til hovedinnhold
Plakat for Paycheck (2003)

Paycheck

Film
3

Tilfeldigheitene gjorde til at eg enda opp med å sjå Paycheck på TVNorge i kveld. Dette er andre gongen eg ser filmen, og meiningane mine samanlikna med første gang har forandra seg litt.

Det er ikkje lenger rå John Woo-action, men ein middels actionfilm med ei veldig føreseieleg historie. Det har ikkje med å gjere at eg har sett filmen før. Filmeffektane ser ikkje lenger så fantastiske ute, men mykje er på grensa til å sjå billeg ut.

Historia gjer seg nok godt i bokform, men her blir ho litt borte mellom malplasserte skodespelarar. Ben Affleck er slapp, Uma Thurman er ikkje den rette dama for han, Paul Giamatti passar best i Sideways framfor rolla som hjelpar her. Aaron Eckhart er vel den einaste eg kan godkjenne, men det blir fordi eg i ein lengre periode vil tenke på han som sigarettmannen.

Nok harselering, Paycheck kan bli godtatt som lite krevjande laurdagsaction, om du har nokon godsaker ved sidan av.

Det er ikkje sjølve grunnideen som manglar moglegheiter. Gene Phillips på Naturalistic! Uncanny! Marvelous! (nummtheory.blogspot.com) meiner dei tilsynelatande verdilause gjenstandane gir filmen ei god gåte, men at dei obligatoriske actionsekvensane kjem i vegen for henne. Han finn heller ikkje forandringa til hovudpersonen overtydande. Det passar med mitt inntrykk av ei historie som blir borte i utføringa. Som enkel underhaldning går filmen an, men han får lite ut av det mest interessante utgangspunktet sitt.