Tilfeldigheitene gjorde til at eg enda opp med å sjå Paycheck på TVNorge i kveld. Dette er andre gongen eg ser filmen, og meiningane mine samanlikna med første gang har forandra seg litt.
Det er ikkje lenger rå John Woo-action, men ein middels actionfilm med ei veldig føreseieleg historie. Det har ikkje med å gjere at eg har sett filmen før. Filmeffektane ser ikkje lenger så fantastiske ute, men mykje er på grensa til å sjå billeg ut.
Historia gjer seg nok godt i bokform, men her blir ho litt borte mellom malplasserte skodespelarar. Ben Affleck er slapp, Uma Thurman er ikkje den rette dama for han, Paul Giamatti passar best i Sideways framfor rolla som hjelpar her. Aaron Eckhart er vel den einaste eg kan godkjenne, men det blir fordi eg i ein lengre periode vil tenke på han som sigarettmannen.
Nok harselering, Paycheck kan bli godtatt som lite krevjande laurdagsaction, om du har nokon godsaker ved sidan av.