Per un pugno di dollari - Filmdagbok

Per un pugno di dollari 1964

Per un pugno di dollari er ein spaghettiwestern med Clint Eastwood, regissert av Sergio Leone. Filmen er den første i Dollars-trilogien til Sergio Leone, og er også kjent for å ha sett i gang popularititeten til spaghettiwesternfilmane.

Clint Eastwood spelar mannen utan namn, som kjem ridande inn til ein liten landsby på den amerikansk-meksikanske grensa i byrjinga av filmen. Landsbyen er prega av mange drap, og at to rivaliserande gjengar styrer. Den intelligente og avtrekkarhurtige karakteren til Clint Eastwood blandar seg fort inn, men då på godfot med begge sider for å få maks utbytte.

Per un pugno di dollari er ein frisk og brutal film. Frisk fordi det alltid skjer noko, fordi det ikkje alltid er klart kva som vil skje, og fordi filmen ikkje prøver å formidle ei form for moral. Handlingane til mannen utan namn har konsekvensar, men dei er resultat av vurderingane han gjer. Og trass i den raske handa hans og det skarpe sinnet tar han feil på dei rette plassane, oppbygginga til filmen tatt til vurdering.

Det er mengder av skyting og vald å gå til. Bortsett frå eit lite unntak framstår ikkje det høge drapstalet som unødvendig mykje. Det som skjer har sin plass i historia, og er lett å godta.

Eg vil ikkje ta i for hardt og kalle filmen stilfull, men utgangspunktet i ei hovudrolle med få ord og ingen namn set ein eigen tone.

Filmen sin engelske tittel er A Fistful of Dollars.