
Perú: Tesoro Escondido
Denne dokumentaren har fin estetikk, men dvelar for lenge på surfing som tema. Han bruker lang tid på å vise bilde av ein enkelt kvinneleg surfar. Dette er fine surfebilde, men med tanke på forventingane tittelen byr på, så går det utover tida som kunne ha blitt brukt til å fortelje meir og betre om Peru. Tittelen betyr noko slikt som Peru: Skjulte skattar på norsk.
Produksjonen er av god kvalitet, men ikkje topp. Eg saknar at filmen går meir i djupna på naturlege attraksjonar. Den skeive fordelinga av innhald av interesse i filmen gjorde sitt til at store delar blei spola gjennom. Nokre stopp innimellom spolinga gjorde sitt til at eg trur at eg fekk det utbyttet som det gjekk an å få av filmen.
Skribenten Tarryn-tino på Letterboxd (letterboxd.com) rosar bilda, men reagerer på overdrivingane og ei kjedeleg forteljarstemme. Det er ein personleg brukaromtale, og skribenten får meir reiselyst av filmen enn eg gjer. Eg blir mest sittande med ønsket om meir innhald bak dei fine utsiktene.
