Denne dokumentaren har fin estetikk, men dvelar for lenge på surfing som tema. Han brukar lang tid på å vise bilder av ein enkelt kvinneleg surfar. Dette er fine surfebilde, men med tanke på forventingane tittelen byr på, så går det utover tida som kunne ha blitt brukt til å fortelje meir og betre om Peru. Tittelen betyr noko slikt som Peru: Skjulte skattar på norsk.
Produksjonen er av god kvalitet, men ikkje topp. Eg saknar at filmen går meir i djupna på naturlege attraksjonar. Den skeive fordelinga av innhald av interesse i filmen gjorde sitt til at store deler blei spola gjennom. Nokre stopp innimellom spolinga gjorde sitt til at eg trur at eg fekk det utbytte som det gjekk an å få av filmen.